naturfagsenteret.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss:
Forskerfrø 1/20: Nysgjerrighet
Frå leiaren
Med dette første nummeret av Forskarfrø-tidsskriftet håpar vi på Naturfagsenteret å inspirere til gode opplevingar med naturfag i barnehagen. Vi ønsker at barn i barnehagar skal oppleve naturfagets mangfald og mysterium gjennom samtalar, utforsking, aktivitetar og turar. Derfor vil vi bruke dette tidsskriftet til å diskutere dei mange moglegheitene naturfag i barnehagen inneber, gjennom konkrete eksempel og teoretiske grunngivingar. Vi håpar å inspirere dei som ikkje har jobba med naturfag i barnehage før og gi nye idear til dei som har erfaring med naturfag i barnehagen.
Målgruppa for tidsskriftet er alle vaksne som jobbar i eller med barnehagar. Kvart nummer skal ha eit hovudtema og i dette første nummeret vektlegg vi nysgjerrigheit som drivkraft for opplevingar og læring i naturfag. Korleis kjem nysgjerrigheit til uttrykk? Ikkje alle barn stiller spørsmål. Korleis kan vi stimulere til nysgjerrigheit, eller er ikkje det nødvendig? Korleis møter barnehagelæraren nysgjerrige barn?
Innhaldsliste
Leiar: Merethe Frøyland
NYSGJERRIG LEK
Nysgjerrighet? Du ser det i blikket!
Nysgjerrig lek i natur: Naturfaglig danning?
NYSGJERRIG PÅ NATUREN
Nysgjerrig utforsking i naturen
– Kaffor det? Nysgjerrig på stein
Løvetann – meir enn eit ufordrageleg ugras?
Nysgjerrig på småkryp
Nysgjerrig på arter
NYSGJERRIGHET HOS DE YNGSTE
Å la barns nysgjerrighet vise vei i naturen
Nysgjerrigheita til små barn gjennom handlingar og ord
NYSGJERRIG PÅ FYSISKE FENOMEN
Å utforske lyd sammen
Alt hva unger lurer på! Fysikk i barnehagen
NYSGJERRIG PÅ MATEMATIKK
Barns utforskende tilnærming til naturens egen geometri
Nysgjerrig oppdagelse av matematikk i naturen
NYSGJERRIG PÅ NATUR OG FRILUFTSLIV
Friluftsliv – naturopplevelser og nysgjerrig lek i natur
Undring og nysgjerrighet i naturbarnehagen
NYSGJERRIG PÅ MAT
Nysgjerrighet på smak som utgangspunkt for livslang læring om mat
Smak som kroppslig sans, utforsking og estetisk erfaring
Nysgjerrige barn på «jakt» etter mat i naturen
BOKOMTALER