naturfagsenteret.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss:
Den naturlege skulesekken
Den naturlege skulesekken var ei nasjonal skolesatsning som ga barn og unge kunnskap og medvit om berekraftig utvikling. Prosjektet vart lansert i 2009 og avslutta i 2022.
Den naturlege skulesekken (natursekken.no) skulle hjelpe til med å utvikle nyfikne og kunnskap om naturen, og medverke til auka medvit om berekraftig utvikling og auka miljøengasjement hos elevar og lærarar i grunnskulen. Skular kunne søkje om midlar gjennom den naturlege skulesekken til undervisning der elevar og lærarar tok i bruk miljø utanfor skulen som læringsarena.
Den naturlege skulesekken skulle leggje til rette for at elevar fekk auka kunnskap om helse og livsstil, natur- og miljøvern både i eit etisk, samfunnsmessig og naturvitskapleg perspektiv. Den naturlege skulesekken skulle vere fagleg forankra i Læreplanverket for Kunnskapsløftet både i den generelle delen og i faga naturfag, samfunnsfag, kroppsøving og mat og helse.
Den naturlege skulesekken skulle:
- koordinere læringsressursar innanfor dei aktuelle områda
- opprette nettverk av organisasjonar som driv skuleretta verksemd
- hjelpe til med å utnytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena og bruk av ulike regionale og nasjonale ressursar
Organisering
Den naturlege skulesekken var eit samarbeid mellom Miljøverndepartementet ved Direktoratet for naturforvaltning og Kunnskapsdepartementet ved Utdanningsdirektoratet. Naturfagsenteret har redaktøransvaret for natursekken.no. Det vart oppretta ei ressursgruppe med representantar for dei fire fagområda kroppsøving, mat og helse, naturfag og samfunnsfag og ein representant med kompetanse innan uteskule. Ressursgruppa skulle hjelpe til med utvikling av nettstaden og støtte skulane i pilotperioden.