naturfagsenteret.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss:
ReleKvant
ReleKvant er eit kombinert forskings- og utviklingsprosjekt om læring og undervisning i fysikk i vidaregåande skule. Prosjektet utviklar nettbaserte læringsressursar i kvantefysikk og relativitetsteori på plattforma www.viten.no. Ressursane byggjer på perspektiv frå fagdidaktisk forsking, og resultat frå utprøvingane bidreg både til å forbetre ressursane, og til meir generell kunnskap om god læring i fysikk. I utviklinga samarbeider fysikarar, forskarar i fysikkdidaktikk, lærarar og lektorstudentar. ReleKvant Kompetanse er ei utviding av prosjektet der vi fokuserer på korleis kompetanse blir bygd opp i dette samarbeidet.
Prosjektet legg vekt på å
- utfordre elevar til å bruke språket munnleg og skriftleg i læringsprosessen
- nytte historiske og filosofiske perspektiv, samt aktuelle diskusjonar og teknologiske bruksområde, for å gjera faget relevant og motiverande
- bruke animasjonar og simuleringar for at elevar skal få utforske fenomen som er vanskeleg å visualisere
- støtte lærarar i å bruke varierte læringsaktivitetar, kommunikasjonsformer og vurdering for læring
- førebu lektorstudentar til kvardagen i fysikklasserommet
ReleKvant er eit samarbeid mellom Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo, Naturfagsenteret og Skolelaboratoriet ved NTNU, og har støtte frå Noregs Forskingsråd og Olav Thon-stiftelsen.
Meir info finn du prosjektsida til Fysisk institutt.