Hopp til hovedinnhold
Nyhet

– Det du seier, er feil. Det eg seier, er rett

Elevar på mellomtrinnet likar ikkje å møta andre meiningar enn sine eigne. Ny bok hjelper læraren til å gjera elevane opnare og læra dei å argumentera for sitt syn.

Lærarane fokuserte på samarbeid mellom elevane og korleis dei kunne delta i dialog, meiningsbryting og kritisk tenking som handla om å vurdera ulike perspektiv. Foto: Jarli & Jordan/UiO Lærarane fokuserte på samarbeid mellom elevane og korleis dei kunne delta i dialog, meiningsbryting og kritisk tenking som handla om å vurdera ulike perspektiv. Foto: Jarli & Jordan/UiO

Då forskarane gjennomførde 60 gruppeintervju med femte- og sjetteklassingar, møtte dei haldningar dei ikkje hadde venta då dei spurte kva dei tenkte når andre hadde andre meiningar enn dei sjølve.

– Det var mange som tenkte at det var veldig dumt. Dei sa rett ut at det kunne gjera dei irriterte og sinte, fortel fyrsteamanuensis Eldri Scheie ved Naturfagsenteret, Universitetet i Oslo.

– Lærarane til elevane hadde vondt for å tru at dette gjaldt deira eigne elevar. Men ein lærar som sjølv tok opp spørsmålet i sin klasse, oppdaga at det einaste som kunne få elevane til å endra meining i ei sak, var om Google var ueinige med dei.

Opne for å tenkja kritisk

Scheie er medforfattar av boka «Kritisk tenkning og elevengasjement», som kom ut på Fagbokforlaget tidlegare i år. Boka er eit ressurshefte for lærarar som vil undervisa elevane i kritisk tenking.

– Då vi gjekk gjennom intervjua i etterkant, kategoriserte vi 41 % av elevane som «lukka», altså lite mottakelege for andre sine synspunkt. Dei møtte gjerne andre synspunkt med haldninga «eg har rett, du tek feil», seier Scheie.

– Berre 7 % sa at det var viktig å lytta til andre, og berre 2 % sette ord på at det er vanskeleg å vita kva som er rett når du har di meining og eg har mi meining. Det var berre desse elevane som var opne for å tenkja kritisk òg om sine eigne meiningar.

Fokusert på perspektivtaking

Når vi til dagleg snakkar om kritisk tenking hjå barn og unge i dag, tenkjer vi ofte på kjeldekritikk, at ikkje unge – og for den saks skuld vaksne – skal tru på alt mogleg tull og tøys på internett. Men for Scheie og dei andre forskarane er kjeldekritikk berre ein del av det dei kallar kritisk tenking.

– Kunnskapssyn er ein annan del. Korleis veit vi det vi veit, og kva er bakgrunnen for det? Argumentasjon høyrer òg med, korleis vi presenterer det vi meiner eller veit, forklarar ho.

– Og noko vi har fokusert mykje på, er perspektivtaking, det å sjå ei sak frå fleire sider. Lærarane kjem på inn på det når vi intervjuar dei, men det er ikkje noko dei jobbar særleg mykje med i undervisinga.

Dette er noko «Kritisk tenkning og elevengasjement» er meint å avhjelpa.

Einigheitstrykk og ueiningheitsfellesskap

– Vi må visa elevane at det er lov å ha ulike meiningar, seier Eldri Scheie. Foto: Naturfagsenteret – Vi må visa elevane at det er lov å ha ulike meiningar, seier Eldri Scheie. Foto: Naturfagsenteret – Boka inneheld ei rekkje dilemma som kan diskuterast i klasserommet. Vi har vald å henta temaa frå berekraftig utvikling, men det finst nok av dilemma på andre område òg, seier Scheie.

I intervjua fortel elevane at når dei vert sette til å diskutera i grupper, endar dei fort opp med å drøfta seg fram til ein konsensus og samla seg om eitt svar.

– Det heng nok saman med at ein er van med at på skulen er det nettopp eitt svar, ein fasit. Dermed oppstår det som vert kalla eit einigheitstrykk, forklarar Scheie.

– Men det motsette er ueinigheitsfellesskap, som er det vi må jobba med. Vi må visa elevane at det er lov å ha ulike meiningar og framleis vera del av eit felles vi.

Interessene til ulike aktørar

Ein måte å gjera elevane merksame på ulike perspektiv, er å be dei tenkja gjennom kven dei ulike aktørane er som kan ha interesse av ei sak.

– Vi har brukt eit døme frå Tonsenhagen skule i Oslo, der elevar, lærarar og Naturvernforbundet i Oslo og Akershus (NOA) samarbeida om eit opplegg rundt utbygging av alpinbakken i Grefsenkleiva. Elevane skulle koma fram til sine eigne grunngjevne meiningar, fortel Scheie.

Lærarane planla undervisinga på tvers av fag og let elevane arbeida med mange forskjellige innfallsvinklar. Vidare fokuserte lærarane spesielt på samarbeid mellom elevane og korleis dei kunne delta i dialog, meiningsbryting og kritisk tenking som handla om å vurdera ulike perspektiv ved berekraftspørsmål der interessene til ulike aktørar er involvert.

Har mange fornuftige tankar

– Elevane måtte setja seg inn i meiningane til alle dei ulike aktørane. Elevane som budde i nærleiken var sjølvsagt aktørar. Andre bebuarar i området, inkludert lærarar på skulen, Skiforeninga, restaurantane på Grefsen, NOA, andre turgåarar, og ikkje minst politikarane i bydelen, som ynskjer ei avklaring i saka, forklarar Scheie.

– Kva meiner aktørane? Kvifor meiner dei det? Det gjaldt om å finna standpunkt frå folk som var ulike deg sjølv. Det er ikkje sikkert du får noko nytt perspektiv av å spørja venen på nabopulten, men kanskje du får det frå politikarar eller andre vaksne, seier Scheie.

– Når dei undersøkjer argumenta frå andre, får dei ganske mykje gode argument sjølve, og har mange fornuftige tankar.

Kan gjerne diskutera med kollegar

Ho forklarar at kritisk tenking ikkje berre er ein måte å tenkja på. Elevane må òg trena opp ein veremåte eller ei drivkraft for å la den kritiske tenkinga koma til uttrykk i handling.

– Ein av dei viktigaste veremåtane meiner vi, er openheit. Det betyr at vi må øva elevane i å vera opne for andre sine synspunkt og open for å forhola seg kritisk òg til eigne synspunkt, seier Scheie.

– Det er det ressursboka prøvar å formidla gjennom ulike aktivitetar som lærarane kan ta i bruk direkte med elevane, og gjerne òg diskutere med kollegar, slik at dette blir eit felles ansvar på skulen.

Referansar

Munkebye, E. og Scheie, E. (2023). Are primary school students open-minded enough to enter a pluralistic approach in sustainability education? ECER 22.-25. august, Glasgow 2024.

Scheie, E. (2023). Bærekraftundervisning. Naturfagsenterets rapportserie nr. 1/2023 s. 37

Boka er ein del av forskingsprosjektet Critical Thinking in Sustainability Education (CriThiSE), som er finansiert av Norges forskningsråd og er eit samarbeid mellom NTNU, Karlstad Universitet, Naturfagsenteret (UiO), Skrivesenteret (NTNU) og NIFU.