Hopp til hovedinnhold
Nyhet

Vellukka pilotår for Energioppdraget

18 skular har jobba med energiframtida i heimkommunen sin. Neste år får 50 skular delta.

«Korleis ser energiframtida ut der du bur?» var Energioppdraget 2023/24. Foto: Naturfagsenteret «Korleis ser energiframtida ut der du bur?» var Energioppdraget 2023/24. Foto: Naturfagsenteret

Sidan 2009 og fram til i dag har Naturfagsenteret drive Lektor2-ordninga, der klassar frå ungdomskular og vidaregåande skular har samarbeida med bedrifter og organisasjonar om å utføra konkrete oppdrag som ein del av undervisinga.

– Oppdraga kunne omfatta mange forskjellige typar tema, men mange av dei hadde likevel med energi å gjera. Energi er eit stort og sentralt tema, og mange av dei som går på skulen no, er dei som skal ta oss gjennom energiomstillinga vi står framfor, seier universitetslektor Anette Braathen ved Naturfagsenteret.

– Men sidan feltet er i så rask endring, ynskte mange av lærarane i Lektor2 ein dag med fagleg påfyll for å bli oppdaterte. Sidan 2016 har vi derfor fått midlar av Energidepartementet og forgjengaren Olje- og energidepartementet til å arrangera den årlege Energikonferansen.

Må starta rekrutteringsarbeidet tidleg

Men til slutt drog Kunnskapsdepartementet ut pluggen for Lektor2, og det nyleg avslutta skuleåret vart det siste med ordninga.

– Då vi søkte Energidepartementet om midlar til å vidareføra Energikonferansen,  bad dei oss om å skriva ein søknad som inkluderte eit meir heilskapleg tiltak enn berre ein dag med konferanse. Det passa oss fint òg, seier Braathen.

– Lektor2 var berre for ungdomstrinnet og vidaregåande, men det er litt i seinaste laget for å visa elevane kva realfag er. I rekrutteringsarbeid må vi starta tidleg og visa breidda av yrke ein kan få med realfag i sekken.

Tilbod ned til femte klasse

– Lærarane var flinke til å konkretisera og tilpassa Lektor2-modellen til dei lågare klassetrinna, seier Anette Braathen. Foto: Naturfagsenteret – Lærarane var flinke til å konkretisera og tilpassa Lektor2-modellen til dei lågare klassetrinna, seier Anette Braathen. Foto: Naturfagsenteret Dei siste åra med Lektor2 fekk Naturfagsenteret moglegheita til å testa ut Lektor2-modellen på to barneskular.

– Det fungerte kjempebra. Vi såg at lærarane var flinke til å konkretisera og tilpassa opplegget til dei lågare klassetrinna, seier Braathen.

Den erfaringa tok dei med seg inn i det  nye tiltaket, som fekk namnet Energioppdraget. Energioppdraget skulle vera eit tilbod heilt ned til femte klasse.

Vurdera satsing på ny energiproduksjon

– Aktivitetsbanken Miljølære ved Universitetet i Bergen har kvar vår ein kampanje der elevar kan registrera observasjonar dei har gjort i naturen. Naturfagsenteret let seg inspirera av dette, fortel Braathen.

– Men vi ynskte å gå eitt steg lenger. Vi ynskte òg at elevane skulle gjera ei kartlegging, men i tillegg ville vi at dei  skulle bruka dataa til å foreslå ei løysing på ei problemstilling.

«Korleis ser energiframtida ut der du bur?» var spørsmålet i piloten 2023/24. Elevane vart bedne om å undersøkje korleis innbyggarane såg på oppretting av ny energiproduksjon i eigen kommune. Vidare skulle dei vurdera om kommunen bør satsa på slik produksjon, og i tilfelle kva og kvar. Dei kunne òg foreslå korleis kommunen kan bruka energi meir effektivt.

– Oppdraget var ope nok til at det kunne tilpassast til kva lærarane hadde kapasitet til og kva som passa best for faga og elevane som skulle involverast, forklarar Braathen.

Målet er eit spleiselag

– Lærarane var dritnøgde, og elevane digga det. Så no er vi i samarbeid med referansegruppa i ferd med å utforma oppdraget for neste år. Der vil vi ha plass til femti skular frå femte klasse og opp til vidaregåande.

I referansegruppa deltek bransjeorganisasjonane Fornybar Norge og Offshore Norge saman med Energidepartementet. Forskinga er òg representert, gjennom UiO:Energi og miljø.

– Slik sikrar vi at dei årlege oppdraga inneheld autentiske problemstillingar som er relevante for næringa, seier Braathen.

– Førebels er det departementet som finansierer ordninga, men målet er at Energioppdraget skal bli eit spleiselag mellom det offentlege og næringa.